Player FM 앱으로 오프라인으로 전환하세요!
Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen
Manage episode 408112716 series 3287496
Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.
I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.
Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
48 에피소드

모든 에피소드
×플레이어 FM에 오신것을 환영합니다!
플레이어 FM은 웹에서 고품질 팟캐스트를 검색하여 지금 바로 즐길 수 있도록 합니다. 최고의 팟캐스트 앱이며 Android, iPhone 및 웹에서도 작동합니다. 장치 간 구독 동기화를 위해 가입하세요.